Treng du ein liten dytt for å komme i gang med trimaktivitet etter ferien? Har du nokon du brukar å trimme sammen med? Eller trimmar du helst åleine? Likar du helst å trimme inne i treningsstudio, eller likar du deg best ute? Har du fått enkelte signal frå kroppen din at den er litt for lite i aktivitet? Eller har legen din sagt at no er det på tide med meir aktivitet? Gullbring trening og bad ynskjer å bidra til at du er regelmessig aktiv. Vi tilbyr sjølvsagt aktiviteter i anlegget i Gullbring både trening, bad, friskliv og gruppeaktiviteter.
Gulltrimmen 2015 – trimkonkurranse - vinn gåvekort frå Sport1Glexe og frå Gullbring kulturanlegg
I tillegg til dette har vi i år, saman med Sport1 Glexe og Frisklivssentralen starta opp ein trimkonkurranse for alle i heile Midt-Telemark. Vi heiar på at fleire tek i bruk dei mange turløypene og titoppars turane som turlaga har tilrettelagt for. Til hjelp for å finne fram anbefalar vi UT.no og turlaga sine lokale turkart for kvar kommune eller for Lifjell.
Ved å laste ned appen Trimpoeng for Iphone eller Android kan du registrere deg for deltakelse i konkurransen Gulltrimmen 2015 og samle poeng for kvar gong du kjem deg ut til eit av turmåla der. Over 25 turar i heile Midt-Telemark er lagt ut så du kan sjølv velgje utfrå kvar du bur eller kor du har lyst til å gå. Du registrerer deg individuelt . Kvar vanlege trimtur gjev 30 trimpoeng. Trimmar du minst ein gong i veka vil du altså fort kunne komme over 300 poeng i løpet av konkurransetida.
Premiering
Det blir sjølvsagt premiar. Ein ting er æra i å bli rangert høgast av alle deltakarane. Men dei som trimmar regelmessig i 3 månader frå 1. august og kjem over 300 trimpoeng totalt, vil bli med i trekninga av flotte gåvepremiar. Vi loddar mellom anna ut 2 heilårs Gullkort for trening og bad i Gullbring og to valgfrie badedrakter frå butikken i Gullbring samt gåvekort på kr 5000 frå Sport 1 Glexe!
Men hugs den største premien er at du når måla dine om å trimme litt meir regelmessig.

| Utepost | Poeng | # Innsjekk |
|---|---|---|
| Bryggefjell i Bø | 30 | 111 |
| Bygdeborgen Trelsborg Bø | 30 | 357 |
| Frisklivstrening i Gullbring | 1 | 16 |
| Glekse - Lifjell | 30 | 159 |
| Grasfjell - Ulefoss | 30 | 118 |
| Gygrestolen i Bø | 30 | 29 |
| Harpås Nome | 30 | 376 |
| Husefjell i Lunde | 30 | 39 |
| Høyslass i Bø | 30 | 233 |
| Jøronnatten - Lifjell | 50 | 47 |
| Knarren Lunde | 30 | 69 |
| Luberg i Nome | 30 | 10 |
| Lundås - Lunde | 30 | 385 |
| Narefjell - Nordagutu - Sauherad | 30 | 13 |
| Nunsås - Ulefoss | 30 | 233 |
| Utepost | Poeng | # Innsjekk |
|---|---|---|
| Skåråfjell - Gvarv | 40 | 31 |
| Spissbordet - Folkestadåsane - Bø | 30 | 521 |
| Sport1 karusellen løp 4 Gullbringbanen | 30 | 0 |
| Sport1 karusellen løp 5 Gullbringbanen | 30 | 5 |
| Sport1 karusellen løp 6 Gullbringbanen | 30 | 3 |
| Stangefell - Ulefoss | 30 | 75 |
| Tveitannatten - Hjuksebø - Sauherad | 30 | 5 |
| Vardefjell Lunde | 30 | 63 |
| Vegheimfjellet Gvarv - Akkerhaugen | 30 | 64 |
| Vestre Nuke, Tyri - Lunde | 30 | 23 |
| Østre Nuke - Ulefoss | 30 | 11 |
| Øysteinnatten Lifjell | 50 | 133 |
| Ånto husmannsplass - Bø | 30 | 49 |
| Åskollen - Folkestadåsane - Bø | 30 | 737 |
| Åstjønn - Breisås mellom Bø og Gvarv | 30 | 243 |